Verdiskaping i klippfisknæringa

Type/nr A01/23
Skrevet av Trond Bjørndal, Rannvá Danielsen og Erik Nesset
Produksjon og eksport av klippfisk er ei viktig distriktsnæring i Noreg med tradisjonar som går fleire hundre år tilbake. Tyngdepunktet for produksjon er på Nordvestlandet, men store delar av råstoffet kjem frå Nord Noreg, slik at næringa har mykje å seie for verdiskaping og sysselsetjing også der. I denne artikkelen analyserer me verdiskaping i klippfisknæringa for perioden 2009-20 og vurdere konsekvensane av Covid for næringa. Eksportverdien av klippfisk utgjorde i 2019 4,76 mrd. kr, den største verdi i næringa si historie, men vart redusert med 9,6 % i 2020 til 4,31 mrd. kr. I artikkelen estimerer ein verdiskaping i heile verdikjeda for klippfisk, dvs. fangst, foredling og eksport. I tillegg gjev ein estimat av ringverknadar.