Økonomisk analyse av alternative produksjonsformer innan oppdrett
Hovudformålet med denne rapporten er å analysere mogelege konsekvensar av å flytte all produksjon av atlantisk laks, både matfisk og storsmolt, over i lukka landbaserte system. Hovudfokus når det gjeld teknologi har vore på resirkuleringsanlegg (RAS), men vurderingar knytta til gjennomstrøymingsanlegg med gjenbruk er også utført for enkelte faktorar. Denne rapporten har teke føre seg fire forskjellige produksjonskonsept for laks – matfisk på land (kapittel 1), stor settefisk frå landbaserte RAS-anlegg (kapittel 2), sjøbasert påvekst av stor settefisk (kapittel 3) og påvekst i lukka anlegg (kapittel 4). I eit nasjonalt perspektiv er det stor interesse for landbasert oppdrett, særleg knytta til oppdrett av settefisk (smolt og post-smolt), men også for oppdrett av matfisk. Det er store utfordringar når det gjeld finansiering, ettersom tilgang på investeringsvillig kapital er avgrensa. Kostnadsanalysen for landbasert oppdrett av matfisk (kapittel 1) tek utgangspunktet i eit anlegg med produksjonskapasitet på 6 000 tonn. Analysen er basert på ein likevektssituasjon der produksjonen skjer utan vidare uhell. I analysen er det understreka at det er grunnleggjande uvisse når det gjeld mange relasjonar innan landbasert oppdrett og at risikoen er stor. Når det gjeld settefiskproduksjon (smolt og post-smolt, kapittel 2), viser industrien au
kande interesse for å produsere post-smolt på opp til 1 000 gram, noko som vert analysert i rapporten. I analysen av påvekst i opne merdar (kapittel 3) er det fyrst og fremst kostnaden per kg slakteklar fisk som er av interesse, og interessa for stor settefisk har grunnlag i eit ynskje om å betre produksjonen samla sett, anten ved å adressere flaskehalsar eller ved å redusere risiko, produksjonsutfordringar og kostnader. Påvekstanalysen er delt inn i to delar, utan og deretter med lusekostnader, der ein tek utgangspunkt i ein bedriftsstruktur og produksjonsplan som er lik ved påvekstsscenario for både 100-grams, 500-grams og 1 000-grams settefisk. Den andre delen av kostnadsanalysen av påvekst i sjø tek utgangspunkt i same investeringar og produksjonsplan, men med introduksjon av behandlingskostnader, svinn og veksttap ved ulike avlusingsscenario. Lukka eller semi-lukka oppdrettsanlegg (kapittel 4) er definert ved at dei har ei tett eller bortimot tett fysisk barriere mellom vassmiljøet til fisken og det omliggjande miljøet. Det står att å sjå om lukka einingar i sjø vil verte tekne i bruk kommersielt og finne sin plass i oppdrettsselskapa sine produksjonsplanar. Potensielt kan lukka anlegg opne for betre høve til å levere settefisk av ønska storleik til ønska tid, å korte ned eksponeringstida i opne anlegg og å auke utnytting og omlaupssnøggleiken ved matfisklokalitetane.