Verdiskaping i klippfisknæringa 2011-13

Type/nr A18/14
Skrevet av Trond Bjørndal, Nils Arne Ekerhovd og Marianne T. Bjørndal

I meir enn 300 år har klippfisk vore ei viktig næring i Noreg.  Den norske eksportverdien av klippfisk var i 2011 på ca. 3,8 mrd. kr.  Omlag 90 % vart utskipa frå Nordvestlandet.  Tek ein med saltfisk, aukar eksportverdien til ca. 4,8 mrd.kr.  Samla utgjorde dermed eksporten av klippfisk og saltfisk ca. 9 % av total norsk fiskeeksport som i 2011 representerte ca. 53 mrd.kr.  Næringa er viktig for verdiskaping og sysselsetjing. Sjølv om tyngdepunktet for produksjon er på Nordvestlandet, kjem store delar av råstoffet frå Nord Noreg, slik at næringa er viktig for verdiskaping og sysselsetjing også der. Likevel er kunnskapen om kva verdiar denne næringa skaper avgrensa. I denne rapporten vert verdiskapinga i den innanlandske verdikjeda for klippfisk, som omfattar fangst, foredling og eksport, analysert for tre års perioden 2009-2011. Samla verdiskaping inkludert ringverknader auka frå vel 2,9 mrd. kr. i 2009 til knapt 4,3 mrd. kr. 2011. Av samla verdiskaping i 2011 kom 2.8 mrd.kr. frå fangstleddet og knapt 1.5 mrd. kr. frå foredling og eksport. Verdiskaping per årsverk innan foredling og eksport av klippfisk viser seg å vere større enn for fiskeforedling under eitt og Fatlands-Noreg totalt.  Når ein tek omsyn til ringverknader, var samla sysselsetjing i verdikjeda for klippfisk knapt 5.200 i 2011 med 3.400 innan fangstleddet of 1.800 innan foredling og eksport.

Språk Skrevet på norsk