Avanseregulering i den norske bokmarknaden. Teoretiske og praktiske effektar

Type/nr A40/13
Skrevet av Siri Hovland Selseng og Martine Nesøy Træen

17. juni 2013 vart boklova vedteken på Stortinget. Lova spesifiserer ei avanseregulering i form av ein maksimal rabatt leverandør kan gje forhandlar og eit ikkje-diskrimineringsprinsipp basert på vertikalt eigarskap. Denne utgreiinga presenterer teoretiske og praktiske effektar av eit tak på innkjøpsrabatten og ikkje-diskrimineringsprinsippet. Fokuset er på økonomiske effektar som påverkar verdiskapinga skapt i relasjonen mellom forlag og bokhandlar. 
Me startar med å analysere avansereguleringa i konteksten av lineære kontraktar, først der etterspørselen berre avhenger av pris og deretter kor aktørane kan påverke etterspørselen gjennom salsfremjande verksemd. Vidare opnar me opp for at partane står fritt til å nytte sofistikerte kontraktar. Me finn at avansereguleringa berre under strenge føresetnader vil nå formålet om å beskytte små og mellomstore forlag. Det vil vere naudsynt å sikre at bokhandlarkjedene ikkje nyttar hylleavgifter til å kapre ein utilbørleg stor del av verdiskapinga. I den vedtekne reguleringa er det opna opp for at aktørane kan inngå individuelle avtalar kring hylleavgifter og derav finn me at det vil bli vanskeleg å nå målsetnaden om å beskytte små og mellomstore forlag. I tillegg vil reguleringa kunne pådytte aktørane ulike former for ineffektivitet. Vidare argumenterer me for at eit ikkje-diskrimineringsprinsipp basert på eigarskap ikkje er avgjerande for å beskytte uavhengige aktørar. I tillegg vil eit slikt prinsipp føre til at den vertikalt integrerte bedrifta vert pådytta ein ineffektivitet ved å tvingast til å nytte ein internpris som ligg over marginalkostnad. Avslutningsvis syner me at ein MFN-klausul kan beskytte små og mellomstore aktørar i like stor grad som avansereguleringa i kombinasjon med eit ikkje-diskrimineringsprinsipp.

Språk Skrevet på norsk