NCE Maritime og NCE Subsea: Korleis påverkar internasjonalisering klyngene?

Type/nr R11/12
Skrevet av Rune Njøs

Korleis påverkar internasjonalisering næringsklynger? Rapporten bidreg med ei forståing av klynger og internasjonalisering, der to Norwegian Centres of Expertise vert analysert. NCE Subsea (Hordaland) fokuserer på drift og vedlikehald av undervassinstallasjonar, ein relativt ny industri som opplever sterk vekst. NCE Maritime (Møre) har ein verdsleiande posisjon innan design, bygging og drift av avanserte offshorefartøy, og klynga har lange og sterke tradisjonar.
Eit analytisk rammeverk vert utarbeidd for å forstå korleis internasjonalisering påverkar klyngene. Det vert lagt vekt på korleis klyngene fungerer (dynamikk), næringa/industrien dei tilhøyrer, bedriftene si forankring, samt andre faktorar. Også framveksten av dei to klyngene vert behandla, og det vert framheva at klyngene deler mange likheitstrekk, men dei er også svært forskjellige. Vil internasjonalisering då påverke dei ulikt? I tillegg til å svare på dette viser rapporten kvifor forankring i dynamiske klynger er viktig for bedriftene – og kvifor forankring kan verte viktigare i samband med internasjonalisering.

Språk Skrevet på norsk