Idéutvikling i redaksjonelle og kommunale nettmedia
Type/nr
A07/12
Skrevet av
Johann Roppen
I denne rapporten blir det diskutert kvifor kommunane har problem med å nå ut til publikum i gjennom digitale media i same grad som tradisjonelle media. Av ei rekkje grunnar kunne ein tenkje seg at lokal informasjon hadde høg relevans for publikum, og at kommunal informasjon difor ville bli etterspurt.
Forklaringa som her blir drøfta er om medias redaksjonelle prosessar, og særleg den mangfoldige og opne idéfasen utgjer den kvalitativt sett største skilnaden mellom redaksjonelle og offentlege/kommunale nettsider.
Sett på spissen må ein kommune følgje tenesteveg også når idéar til nettsidene blir fødde – ein journalistisk idé kan flagre forbi alle hinder. På g
odt og vondt.
Språk
Skrevet på norsk