Mediestruktur, mediehus og mediemangfald

Type/nr A56/06
Skrevet av Johann Roppen
I denne rapporten blir det presentert resultat frå ein multimedial komparativ studie av lokalpolitisk kommunikasjon i to marknader: Ein med tradisjonell konkurranse mellom to avisbaserte mediehus og i den andre er det eitt svært dominerande avisbasert mediehus. I begge desse marknadene er det etablert mediehus som publiserer gjennom ei rekkje mediekanalar. Materialet i undersøkinga er medialisert lokalpolitisk kommunikasjon på artikkelnivå i dei to marknadene. Forskingsspørsmålet i undersøkinga er korleis det ytre mangfaldet på kanalnivå også fører til eit mangfald på innhaldsnivå. Resultata frå studien syner at lokalpolitisk kommunikasjon i svært stor grad blir formidla gjennom papiraviser, og at nye media i svært liten grad fører til at det blir publisert fleire lokalpolitiske saker enn det som alt står på trykk i papiravisa. Resultata er dei same for begge dei to marknadene. Resultata tyder på at studiar av mediemangfald må gå ned på einskildartiklar i detaljnivå, og at marknadsstrukturen ikkje ser ut til å ha verknad på dei redaksjonelle strategiane som ulike mediefirma har valt.
Språk Skrevet på norsk