Spelet om kolmule
Type/nr
R34/03
Skrevet av
Nils-Arne Ekerhovd
Kolmulebestanden i det nordaustlege Atlanterhavet vert fiska på utan at det ligg føre ei internasjonal avtale om felles forvalting av denne bestanden. Kolmulefisket har i dei siste åra auka kraftig, både i kvantum, men òg i talet på nasjonar som driv fiske etter kolmule. I denne utgreiinga freistar ein å skildre kolmulefisket før og etter at auken i fisket tok til med å modellere kolmulefisket som eit sekvensielt fisket. Det auka fisket etter kolmule er heilt klart motivert av eit ynskje om sikre seg størst mogeleg historiske rettar i fisket før ei internasjonal avtale om felles forvalting og fordeling av kvoter vert inngått. Resultata viser konsekvensane, økonomisk så vel som biologisk, av ei slik posisjoneringsåtferd samanlikna med korleis kolmulefisket vart drive tidlegare. Posisjoneringsåtferd reduserar den potensielle gevinsten i fisket, og aukar faren for at bestanden skal kollapse som følgje av overutnytting. Likevel, dersom bestandsstorleiken eller tilveksten er stor nok, kan det økonomiske utbytte til nokre av aktørane nærme seg, eller verte større enn, utbytte dei ville oppnådd dersom dei ikkje hadde drive med posisjonering, men tok fangstane til dei andre for gitt og tilpassa sitt eige fiske etter det.
Språk
Skrevet på norsk