Potensialet for prissamarbeid i ein vasskraftmarknad med temporære flaskehalser
Type/nr
R09/03
Skrevet av
Gro Merete Stuhaug
Rapporten ser på om det er større potensial for koordinert prissetting i ein vasskraftmarknad som periodvis har avgrensingar i overføringskapasiteten. Slike avgrensingar i overføringskapasiteten omgjer ein integrert marknad til mindre delmarknader, og dette blir reflektert i prisforskjellar mellom delmarknadane. I ein kraftmarknad med vasskraftprodusentar er den totale produksjonen avhengig av tilsiget. Vasskraftprodusentar med lagringskapasitet har likevel stor fleksibilitet med omsyn til kraftproduksjon, fordi vatnet i eit vassmagasin kan lagrast til den perioden dei ønsker å produsere. Gitt den teoretiske modellen som blir brukt, er diskonteringsfaktoren for koordinert prissetting lågare i en vasskraftmarknad med periodevise avgrensingar i overføringskapasiteten enn i ein integrert kraftmarknad med optimal produksjonstilpassing.
Språk
Skrevet på norsk