Valutakursutvikling i eit rammeverk med heterogene aktørar og "framing"

Type/nr A73/02
Skrevet av Kjersti Haugland
Notatet er tredelt. Del 1 er teoridelen. Her vert førstegenerasjonsmodellane, som handsamar valutakursar som ein formuepris, gjennomgått. Etter teorigjennomgangen vert kritikken mot førstegenerasjonsmodellane lansert, noko som leier til ein kort gjennomgang av tre nye modellretningar som kan utgjera aktuelle alternativ: likevektsteori, mikrostrukturell teori og teoriar om heterogene agentar og spekulative bobler. Den sistnemnde kategorien, som resten av oppgåva skal relaterast til, inneheld ein gjennomgang av ein spesifikk modell (De Grauwe 1993) med to typar aktørar, dei langsiktige fundamentalistane og dei kortsiktige chartistane. ”Framing” vert lansert som eit rasjonale bak chartisme. Teorien predikerer at samspelet mellom dei to gruppene lagar ein kompleks dynamikk som gjer det vanskeleg å forutsjå framtidig utvikling. Ein vil i lange periodar oppleve frikopling frå fundamentalverdiane, men ein vil også oppleve periodar der utviklinga vil vera i samsvar med fundamentalmodellane. Andre delen av notatet er ei drøfting av utviklinga i valutakurs og makroøkonomiske variablar for fire land; Sør - Korea, Australia, Canada og Norge. Førstnemnde er representant for marknadar i framvekst; såkalla ”emerging markets”, og dei tre siste er representantar for råvareøkonomiar. I sjølve gjennomgangen, og i henvisningar til empiriske undersøkjingar som har blitt gjort på feltet, vert det vist at slike land sine valutakursar i stor grad er prega av fundamentalfaktorane i økonomien. Tredje delen av arbeidsnotatet tek for seg utviklinga i Euro - USD raten i perioden frå 2000 til 2002, og er eit framhald av case - studiet til De Grauwe (2000). Her ser eg på samanhengen mellom nyhende i fundamentalverdiar og valutakurs. Case-studiet vert gjennomført med same metode som i det opprinnelege studiet, slik at resultata skal vere lett å samanlikne med kvarandre. I mitt studie finn eg teikn på at det, i motsetnad til i De Grauwe sin periode, er fundamentalistar som ser ut til å prega valutamarknaden. Ulike faktorar, som IT-krasjet, konjunkturnedgong, finansielle skandalar, safe-haven status og driftsbalanseunderskot vert trekte fram for å forklara dette. Hypotesa mi vert at, i tråd med teorien om heterogene aktørar, fundamentalistane har teke over dominansen i valutamarknaden fordi økonomien er meir turbulent enn tidligare.
Språk Skrevet på norsk