Marknadskonsekvensar av reguleringssystem i nordsjøsildfisket

Type/nr R35/02
Skrevet av Linda Nøstbakken
Rapporten ser på marknadskonsekvensar av reguleringssystem i fisket etter haustgytande nordsjøsild. På 1960- og 1970-talet førte effektive fangstmetodar og fritt fiske etter nordsjøsild til at bestanden nærast vart utrydda. Det vart innført eit totalforbod mot direkte fiske av nordsjøsild i 1977. I løpet av moratoriet tok bestanden seg opp igjen, og fisket har etter dette vore regulert med blant anna fangstkvotar. I rapporten vert ein bioøkonomisk modell sett opp, og likevektstilbodskurver for fritt fiske og optimalt regulert fiske vert utleia og estimerte. Ulike reguleringssystem i nordsjøsildfisket etter opphevinga av moratoriet, både faktiske og teoretiske, vert evaluerte med omsyn til effektar på tilbod, bestandsnivå og fiskeinnsats.
Språk Skrevet på norsk