Ein analyse av det grøne sertifikatmarknaden

Type/nr R11/01
Skrevet av Inger Øydis Storebø
Økonomiske støtte til produksjon av elektrisitet frå fornybare energikjelder er naudsynt dersom denne type produksjon skal kunne hevde seg i konkurransen med produksjon av elektrisitet frå konvensjonelle energikjelder (som for eksempel kol og olje) når det gjeld kapasitet og pris. Finansieringsordningane nytta fram til i dag er kjenneteikna av høge kostnader for staten og varierande resultat når det gjeld utbygging og produksjonskostnader. Dette, saman med ønsket om ei meir marknadsbasert finansieringsording har resultert i ideen om ein separat finansiell marknad for dei miljømessige fordelane ved produksjon av elektrisitet frå fornybare energikjelder; ein grøn sertifikatmarknad. I denne oppgåva drøftes fordelar og ulemper ved finansiering av grøn elproduksjon gjennom ein grøn sertifikatmarknad versus andre finansieringsordningar som subsidiar, skattelette og friviljug kjøp av grøn elektrisitet, som har vorte og framleis vert brukt for å fremje produksjon av grøn elektrisitet. Ved å ta utgangspunkt i ein kortsiktig modell som forklarar likevekta i sertifikatmarknaden vert marknaden under ulike marknadsforhold analysert ved hjelp av komparativ analyse. Korleis likevekta endrar seg når sertifikatmarknaden vert kombinert med ein kvotemarknad for , når konsumentane vert pålagde eit større konsum av grøn elektrisitet og når ein opnar for internasjonal handel med elektrisitet og sertifikat er tema som står sentralt i analysane. Monopolmakt i sertifikatmarknaden vert også drøfta i rapporten.
Språk Skrevet på norsk