Bruk av effektiviseringsfaktor ved inntektsrammeregulering av nettselskap
					Type/nr
					R24/01
				
				
					Skrevet av
					Christian Andersen, Balbir Singh og Inger Øydis Storebø
				
					
				
					I denne rapporten ser vi nærmare på kva faktorar som skal leggjast vekt på ved utarbeiding av effektivitetsfaktoren. Ei teoretisk utleiing viser at inntektsvekst i regulert sektor skal avgrense seg til prisveksten i økonomien korrigert for ein faktor-X som er samansett av fire komponentar; ein produktivitetskomponent som skal fange opp skilnader i produktivitetsendringar i regulert sektor og resten av økonomien; ein priskomponent som skal fange opp skilnader i endringar i innsatsfaktorprisar i regulert sektor samanlikna med resten av økonomien; ein komponent som fangar opp skilnader i eksogene kostnader i dei to sektorane; og til slutt aktivitetsnivåkomponenten som fangar opp endring i aktivitetsnivå i sektoren. Produktivitetskomponenten som inngår i justeringa skildrar endring i innsatsfaktorar i forhold til endring i produsert eller levert mengde. Dersom justering av inntektsramma inneheld andre element som er basert på dette, må dei forskjellige elementa sjåast i samanheng med einannan.
				
				
					Språk
					Skrevet på norsk
				
		